Få varslar om forsøk på kampfiksing, trass i at det er plikt til å varsle.  

Undersøkinga var gjort i november 2025, og blei sendt til utøvarar, trenarar og dommarar i basketball, fotball, handball og ishockey.  

– Det har vore få kampfiksingssaker i Noreg. Målet med undersøkinga er å auke kunnskapen om manipulering av idrettskonkurransar, seier Eirik Haugen Tysse, jurist i Lotteritilsynet.  

Viktig å varsle for å førebygge kampfiksing

10 personar har blitt kontakta av nokon som vil manipulere idrettskonkurransar, og 27 kjenner til slike tilfelle.  

På same tid varsla berre 1 av 5 om hendinga.   

– For å førebygge kampfiksing er det viktig å varsle som slike hendingar, og det har ein også plikt til å gjere.  

Fleire har kunnskap om regelverket

Undersøkinga viser at litt fleire har kjennskap til regelverket, enn førre undersøking i 2023. Snittscore på kjennskap til regelverket er på 2,86, på ein skala der 1 betyr ingen eller svært liten kjennskap til regelverket, og 5 er svært stor kjennskap.  

– Vi ønsker at fleire skal ha kunnskap om regelverket, og det er eit prioritert område hos fleire aktørar. Det er bra at tala har gått noko opp, og dette vil vi jobbe vidare med.  

– Usikkerheit rundt kva som er innsideinformasjon

Innsideinformasjon er for eksempel informasjon som ikkje er offentleg kjent, men som kan gi ein fordel til å tene pengar på oddsen.  

26 personar har blitt kontakta av nokon som vil ha innsideinformasjon. Mange har også svart at dei er usikre på om dei har blitt det. 9 personar har brukt eller delt innsideinformasjon, og også her har ein del svart at dei er usikre eller ikkje veit.  

– Dette kan tyde på at ein del er usikre på kor grensa går, seier Tysse.  

Sjå heile undersøkinga (PP).