Totalt fem lotteriløyve
Totalt fem lotteriløyve har vore lyst ut etter §7 i lotteriforskrifta. Dette gjeld store lotteri med årleg omsetning inntil 300 millionar kroner, og med ni års varigheit. Forskrifta slår fast at ved meir enn fem søkarar som tilfredsstiller krava skal løyva tildelast ved loddtrekning.
Trekninga er gjennomført
Denne saka har vore gjennom ein relativt lang og omfattande søknadsprosess med mange vedtak og klagerunder. Les meir om søknadsprosessen her. Fredag 29. september 2017 vart trekninga av dei tre siste løyva gjennomført hos Lotteritilsynet i Førde .
I alt fem søkarar deltok, og følgjande tre vart trekt ut:
- Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
- Right to Play med entreprenør FotoLotto AS
- Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Donira AS
Første reserve:
- Strømmestiftelsen med entreprenør Charitech AS
Andre reserve:
- Plan Norge og Care Norge med entreprenør Charitech AS
Alle løyva er tildelt
Frå før har to søkarar fått tildelt løyve. Følgjande fem aktørar har dermed fått løyve til å ha lotteri i ni år med årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner.
- Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
- Unicef-Komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited