Lotteritilsynet har handsama dei to sakene som Lotterinemnda sende tilbake for ny vurdering. Ei av desse har fått nytt avslag, mens den andre er godkjend. Klagefristen er tre veker.
Åtte søknader
Totalt kom det inn åtte søknader om å få starte nye landsomfattande lotteri. To av desse vart godkjende i første runde, tre vart godkjende etter ny behandling i Lotteritilsynet, og dei tre siste vart sende over til Lotterinemnda. Nemnda avslo ein av desse søknadane (Flyktningehjelpen, Norsk Folkehjelp og Atlasalliansen), mens dei to andre (Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet) og (Right to Play) vart returnert for ny behandling i Lotteritilsynet. Grunngjevinga var at Lotterinemnda var usamd med Lotteritilsynet i tolkinga av forskrifta som regulerer desse lotteria.
Ny behandling
Resultatet av ny behandling i Lotteritilsynet er no klart. Ein av søknadane (Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet) har fått nytt avslag, mens den andre (Right to Play) no har fått godkjenning. Det gir slik oversikt over søkjarar og saksstatus pr. 1. oktober 2016.
Avklaring seinare
Klagefristen for dei siste vedtaka i Lotteritilsynet er tre veker. Seks søknader er no godkjende, og det går difor i retning av at det blir trekning av fem lotterikonsept som får endeleg godkjenning. Trekning vil likevel ikkje bli gjennomført før alle klager i desse sakene er endeleg avgjort.
Meir informasjon om klagesakene finn du på Lotterinemnda sine nettsider.