Lotteritilsynet har vedteke å gi to lotteriløyve utan loddtrekning. Fem andre som oppfylte søknadsvilkåra først etter søknadsfristen, får delta i loddtrekning om dei resterande tre lotteriløyva.
Totalt fem lotteriløyve
Våren 2015 lyste Lotteritilsynet ut fem lotteriløyve etter § 7 i lotteriforskrifta, med søknadsfrist 1. september 2015. Dette galdt store lotteri med årleg omsetning inntil 300 millionar kroner, og med inntil 9 års varigheit. Av forskrifta går det fram at ved meir enn fem søkarar som tilfredsstiller krava skal løyva tildelast ved loddtrekning.
Åtte søknader
Totalt kom det inn åtte søknader om å få starte nye landsomfattande lotteri. To av desse (Norges Røde Kors og Unicef-Komitèen i Norge) blei godkjende ved førstegongs behandling. Tre søknader (Stiftelsen WWF Verdens Naturfond / SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen, Plan Norge/Care Norge og Strømmestiftelsen) blei godkjende etter klagebehandling i Lotteritilsynet. Dei tre siste blei sendt over til Lotterinemnda (første klagerunde) som avslo søknaden til Flyktningehjelpen / Norsk Folkehjelp / Atlasalliansen, og returnerte søknadane til dei to andre (Regnskogfondet / Caritas Norge / Utviklingsfondet og Right to Play) for ny behandling i Lotteritilsynet. Grunngjevinga var at Lotterinemnda var ueinig med Lotteritilsynet i tolkinga av forskrifta som regulerer desse lotteria.
Lotterinemnda
Resultatet av ny behandling i Lotteritilsynet var at søknaden til Right to Play blei godkjent, medan søknaden til Regnskogfondet / Caritas Norge / Utviklingsfondet fekk nytt avslag og blei oversendt Lotterinemnda (andre klagerunde).
Nemnda godkjende i møte 29. desember 2016 også denne søknaden. Samtidig behandla nemnda ei klage frå Norges Røde Kors, og konkluderte med at Lotteritilsynet, ved vurdering av om søknadane kunne godkjennast, ikkje hadde høve til å ta omsyn til opplysningar som blei lagt fram etter søknadsfristen. Lotterinemnda uttalte vidare at gode grunnar talar for at dei av søkarane som ettersende dokumentasjon, får høve til å trekke blant ledige løyve etter tildeling til dei som oppfylte alle vilkår på søknadstidspunktet.
To søkarar får løyve utan loddtrekning
Lotteritilsynet har tatt omsyn til Lotterinemnda sine føringar og gjorde 17. februar 2017 vedtak etter § 7 i lotteriforskrifta om å gi lotteriløyve utan loddtrekning, til følgande to søkarar:
- Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
- Unicef-Komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited
Fem søkarar deltek i loddtrekning
Lotteritilsynet gjorde same dag vedtak om at følgande, som alle oppfylte søknadsvilkåra etter søknadsfristen, får delta i loddtrekning om dei resterande tre lotteriløyva:
- Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
- Plan Norge og Care Norge med entreprenør Charitech AS
- Strømmestiftelsen med entreprenør Charitech AS
- Right to Play med entreprenør FotoLotto AS
- Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Donira AS
Ny klagerunde før loddtrekning
Lotteritilsynet har etter dette mottatt klager på våre vedtak av 17. februar 2017, og desse må behandlast før loddtrekning kan gjennomførast. Trekninga vil derfor truleg ikkje skje før til sommeren.