Lotterinemnda har gjort vedtak i alle klagesakene om nye lotterikonsept. Ingen av klagene ble tatt til følgje, og det er klart for trekning av tre løyve etter §7 i lotteriforskrifta. Trekninga finn stad fredag 29. september 2017 i Lotteritilsynets lokale i Førde.
Totalt fem lotteriløyve
Våren 2015 lyste Lotteritilsynet ut fem lotteriløyve etter §7 i lotteriforskrifta. Dette galdt store lotteri med årleg omsetning inntil 300 millionar kroner, og med 9 års varigheit. Forskrifta slår fast at ved meir enn fem søkarar som tilfredsstiller krava skal løyva tildelast ved loddtrekning.
Lang prosess
Det kom inn totalt åtte søknader om å få starte landsomfattande lotteri. Prosessen har tatt lang tid, med mange vedtak og fleire klagerunder i Lotterinemnda. No er dei siste sakene avgjort i nemnda, og det er klart for trekning av dei siste tre løyva.
Fem søkarar deltek i trekninga
To søkarar har tidlegare fått tildelt løyve. Det er:
- Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
- Unicef-Komiteen i Norge med entreprenør Lottovate Limited
Dei resterande tre løyva skal trekkast mellom følgjande fem søkjarar:
- Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
- Plan Norge og Care Norge med entreprenør Charitech AS
- Strømmestiftelsen med entreprenør Charitech AS
- Right to Play med entreprenør FotoLotto AS
- Regnskogfondet, Caritas Norge og Utviklingsfondet med entreprenør Donira AS
Loddtrekning hos Lotteritilsynet
Trekninga finn stad i Lotteritilsynet sine lokale i Førde fredag 29. september 2017 kl 10:00. Representantar for søkjarane er inviterte til å vere til stades under trekninga.