Nye reglar om møte i foretak gjeld frå 1. juni

Midlertidig lov om digitale møte blir oppheva 1. juni, og ny permanent lov gjeld frå same dato. Endringa omfattar mange typar foretak, også stiftelsar.

Nye permanente reglar

Det siste året har næringslivet hatt større muligheit til å halde digitale møte, gjennom ei midlertidig lov. Denne blir oppheva 1. juni 2021. Same dag vil nye, permanente reglar tre i kraft, som gir foretaka muligheit til å sjølve velgje om dei vil halde fysiske eller digitale styremøte, generalforsamlingar, årsmøte og selskapsmøte.

Omfattar mange foretak

De nye reglane omfattar aksjeselskap, allmennaksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeforetak, stiftelsar, statsforetak og finansforetak, og vil dermed berøre svært mange foretak.

Les meir om endringa i lova på Lovdata.

Sjå pressemelding frå Regjeringa om saka.