Stortinget har vedtatt endringar i kringkastingslova som skal gjere det enklare å stoppe marknadsføring på tv og i bestillingstenester av pengespel som ikkje har løyve i Norge. Lovendringa gjeld frå 01.01.2021.

Lovendringane vil gje Medietilsynet høve til å pålegge netteigarar og nettdistributørar å hindre tilgangen til reklame for ulovlege pengespel. Lotteritilsynet skal samarbeide med Medietilsynet i arbeidet.

Rekrutterer via reklame

Det er i dag ei massiv mengde med slik reklame på norske TV-skjermar, sjølv om det ikkje er lov. No får myndigheitene eit kraftigare verktøy i arbeidet for å stoppe den ulovlege reklamen.

Dei ulovlege pengespelselskapa brukar tv-reklame til å gjere seg synlege og rekruttere nye kundar. Deretter pleier dei kundane med direkte og meir aggressiv kommunikasjon på e-post og SMS. Slik er dei med på å normalisere dei mest aggressive spelformene via nettet. Og det bidrar også til å oppretthalde og legitimere eit ulovleg tilbod.

6 av 10 nordmenn veit ikkje, eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel i Norge. Den nye befolkningsundersøkelsen som vart lagt fram denne veka viser at 55 000 nordmenn har problem med spel og at 122 000 er i faresona for å få det.

Fleire verkemiddel i vente

Undersøkinga viser også at for å forebygge speleproblem vil endringa i kringkastingslova vere viktig. Andre viktige verkemiddel er forbodet mot å formidle pengar til og frå ulovlege spelselskap. Ei DNS-varsling som gir spelarane melding om at dei er i ferd med å spele hos eit ulovleg spelselskap er også på trappene.