Nedgang på 20 prosent i 2025.
Det blei omsett for over 3 685 millionar kroner i bingohallane i 2025 (brutto). Dette er 930 millionar mindre enn i 2024, og ein nedgang på 20 prosent.
– Nedgangen heng truleg i hop med at det frå 2025 er innført krav om at spelarane må registrere seg for å spele elektroniske spel. Det er også i løpet av året innført tapsgrenser, altså grenser for kor mykje pengar spelarane kan tape. Dette er krav i lova, for å sikre ansvarlege spel, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Til saman 2 475 organisasjonar fekk nær 168 millionar i inntekter frå bingo. Dei fleste av desse fekk også inntekter frå Belago- terminalar som kan stå i bingohallar. Desse inntektene var på til saman 34 millionar kroner i 2025.