Nær 800 millionar kroner er fordelt. Sjå kva formål pengane gjekk til.
Summen som skulle fordelast frå overskotet til Norsk Tipping gjennom tippenøkkelen var i 2017 på vel 4,71 milliardar kroner. Av dette gjekk 6,4 prosent til helseformål gjennom Extrastiftelsen sine prosjekt. Dei resterande midlane vert fordelt med 64 prosent til idrettsformål, medan 18 prosent går til kulturføremål og like mykje til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
I søknadsåret 2018 var såleis tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar på 794,4 millionar kroner, som er fordelt slik:
- 620,7 millionar er kompensasjon for bortfall av inntekter frå automatmarknaden – basert på inntekter frå gevinstautomatane i 2001.
- 173,7 millionar kroner går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001.
Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet.