Kva rolle kan stiftelsar ha for å sikre langsiktig norsk eigarskap? Og korleis kan vi legge til rette for at norske stiftelsar kan vere motorar for forsking og næringsutvikling? Desse store og viktige spørsmåla var tema for Stiftelsestilsynet og Stiftelsesforeningen sitt arrangement på Arendalsuka.
Egil Matsen i Sparebankstiftelsen DNB fortalde om behovet for eit oppdatert lovverk for å sikre utviklinga av norske stiftelsar. 25 år gamalt lovverk, og eit lovarbeid som har lege i ein skuff i ti år meinte han måtte gjerast noko med.

Forstår utolmodigheita
Det signalet tok Vegard G. Wennesland (AP), statssekretær i næringsdepartementet. Han signaliserte nysgjerrigheit og vilje til å lære, og meiner ein bør sjå på rammeverket for stiftelsar.
–Eg forstår veldig godt den utolmodigheita som ligg der. Eg lurer på om vi bør ta opp NOU-en og sjå kva som framleis gjeld, og kva som har endra seg, og kva må ein ta innover seg før ein går vidare med eit lovforslag.
Stiftelsestilsynet bidreg gjerne i eit nytt slikt arbeid grunna det store behovet for ei ny stiftelseslov tilpassa ei ny tid.
Stiftelse er Danmarks største skatteytar
Camilla Stoltenberg i NORCE Research gav ein tankevekkjande status for norsk og internasjonal forsking. NORCE har røtene sine i ein stiftelse, og er finansiert av fleire stiftelsar. Dei ser at i USA blir kunnskap og data vi trudde var sikra for evigheita sletta. Døme på det kan vere meteorologiske data og klimadata. Difor etterlyste ho strategisk uavhengigheit innan forsking, og meinte stiftelsar kan bidra til den uavhengigheita.
Steffen Pierini Lüders i Novo Nordisk Fonden fortalde om den utrulege suksesshistoria deira, og dei lange linjene i deira bidrag til utvikling av det danske samfunnet.
Dei gir vekk og investerer 10 mrd. danske kroner årleg blant anna på forsking innan ei rekke felt.
Han meiner ein må avlive myta om at stiftelsar ikkje betalar skatt, og fortalde at dei er den største skatteytaren i Danmark.
Oppmodar stiftelsar om å ta meir risiko
Johan H. Andresen eigar og styreleiar i Ferd viste sitt store engasjement for sosialt entreprenørskap, og fortalde kvifor Ferd blir ein stiftelse for å sikre verdiane og samfunnsverdiane for ettertida. Men han kom også med ei tydeleg oppmoding til stiftelsar om å tørre meir og ta meir risiko!
Ingrid Riddervold Lorange i Gjensidigestiftelsen viste dei lange linjene frå brannkassene som sikra bøndene dersom skjebnen råka og brannen herja, til dagens stiftelse som sikrar norsk eigarskap og nordisk utvikling.
Sjå opptak av seminaret på Arendalsuka
Stiftelsstilsynet vil halde fram med å dele kunnskap om stiftelsar og bidra til samtaler om stiftelsar sin rolle i samfunnet.
