Over 2170 lag og organisasjonar har søkt om å få kompensert meirverdiavgift på varer og tenester. Det er ein auke på rundt 270 søknadar frå i fjor.

– Dette viser at den frivillige aktiviteten er på veg oppover etter eit utfordrande covid-år, seier Marie Berland Nesheim, som er rådgivar på avdelinga for frivilligstøtte hos Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Fristen for å søke momskompensasjon var 1. september. Søknadsbeløpet er på 2,08 milliardar kroner. Den tildelte ramma er 1,9 milliardar kroner.

Last ned oversikt over søkarar i 2022

Marie Berland Nesheim
Marie Berland Nesheim er rådgivar på avdeling for frivilligstøtte hos Lotteri- og stiftelsestilsynet, og ei av dei som har jobba med tilskotsordninga for frivillig sektor.

Største tilskotsordninga for frivillig sektor

Momskompensasjon for varer og tenester er den største tilskotsordninga til frivillig sektor. Dei siste åra har rundt 22 000 organisasjonar, fordelt på i underkant 2000 søknadar, mottatt kompensasjon.

Utbetaling i desember

Kor mykje søkarane får utbetalt er ikkje klart før alle søknadane er behandla. Dersom ramma som er gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats.

– Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører saksbehandling i haust, og utbetaling skjer i midten av desember, seier Nesheim.