Lotteri- og stiftelsestilsynet betalar ut 2,7 milliardar i momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Du kan enkelt få oversikt over kor mykje som er betalt ut i din kommune.
I Lotteri- og stiftelsestilsynet sin app kan du enkelt søke og lage oversikt over frivillige organisasjonar som har mottatt momskompensasjon i din kommune. I tillegg får du oversikt per fylke.
Du kan også filtrere på kategori. Idretten får mest med 994 millioner kroner, trus- og livssynsorganisasjonar får nest mest med 327 millioner kroner.
Over 24 300 organisasjoner får momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet fekk inn over 2700 søknader som inkluderte 24 800 organisasjonar.
24 343 organisasjonar får utbetalt momskompensasjon, av desse er 1 300 er nye organisasjonar.
– Aldri før har så mange søkt momskompensasjon på varer og tenester. Det viser at det er høg aktivitet i dei frivillige organisasjonane og at vi lukkast med å gjere ordninga kjent, seier Marianne Skjeldestad Hove.
Norges Idrettsforbund er største sentralledd
Fleire av søkarane er sentralledd som søker på vegner av sine organisasjonar. Desse tre sentralledda får utbetalt mest, og fordelar beløpa vidare til sine underledd:
- Norges idrettsforbund, 967 millioner kroner.
- Norges Røde Kors, 108 millioner kroner.
- Norges Musikkorps Forbund, 70 millioner kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga med momskompensasjon til frivillige organisasjonar på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Les meir om momskompensasjon på varer og tenester for frivillige organisasjonar.