Undersøkingar, informasjonskampanjar og meir forsking er blant tiltaka i den nye handlingsplanen mot speleproblem. Her har Lotteritilsynet ei viktig rolle.

spilleproblemer png

Regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem skal sikre at det blir jobba langsiktig, systematisk og målretta med å forebygge speleproblem i den norske befolkninga. For første gong går planen over fire år, frå 2022 til 2025.  

Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet peikar på at det i eit folkehelseperspektiv er viktig å auke folk sin kunnskap om speleproblem.

– Kunnskapen om speleproblem er viktig for å gjere tiltak som sikrar ein ansvarleg pengespelpolitikk der ein avgrensar dei samfunnsmessige konsekvensane av speleproblem, seier Hamar.  

Lotteritilsynet har i samarbeid med Medietilsynet og Helsedirektoratet utarbeidd den nye handlingsplanen mot speleproblem.  

Dei tre hovudmåla i handlingsplanen er at:

  • færrast mogeleg skal ha problem med spel
  • kunnskap om spel og speleproblem skal aukast og delast
  • problemspelarar skal identifiserast tidleg og bli gitt god behandling

Fokus på kunnskap

Den siste befolkningsundersøkinga frå 2019 viste at talet på problemspelarar i Noreg har auka dei siste åra. Ifølge undersøkinga har 55.000 nordmenn speleproblem. Det meste av spel skjer på digitale plattformer, og  koronapandemien har ført til ei større digitalisering av spelarane. 

– Det er behov for meir kunnskap om kva effekten av digitalisering og auka tilgjengelegheit av spel har av konsekvensar for spelarar, familie og pårørande og for samfunnet, seier Hamar. 

Nokre av oppgåvene handlingsplanen gir Lotteritilsynet er å bidra til at kunnskap blir delt, og gjort lett tilgjengeleg. Kartleggingar av problemspel og speleåtferd skal jamleg undersøkast,  til dømes gjennom befolkningsundersøkingar.

Forskingsmiljø og nettverk innanfor pengespelarbeidet skal bli stimulert. Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning på pengespel (SPILLFORSK) skal styrkast. Gjennom SPILLFORSK, Norges forskningsråd og andre aktørar er det fleire forskingstema som blir foreslått forska på. Det gjeld også for behandling av speleproblem.  

Informasjon og samarbeid

I eit forebyggande perspektiv er det også viktig at utsette grupper får målretta informasjon. Bevisstheita i befolkninga rundt kven som faktisk har lov å tilby pengespel i Noreg skal også styrkast i planperioden.  

– Selskapa som tilbyr pengespel ulovleg i Noreg brukar kyniske metodar for å framstå som norske, og mange kjenner ikkje risikoen dei tar ved å spele hos desse ulovlege selskapa. Spelar du hos slike selskap risikerer du å tape mykje meir enn du har råd til, seier Hamar.  

Informasjon om dei ulovlege aktørane kan skje gjennom kampanjar som synleggjer dei mange verkemidla dei utanlandske pengespelselskapa brukar. Det kan og vere gjennom å vise forskjellane på ein lovleg norsk pengespeltilbydar, og ein ulovleg pengespeltilbydar i Noreg. I tillegg skal informasjon vere tilgjengeleg på ulike språk.  

I planen er eit av tiltaka å styrke informasjonsarbeid og samarbeid retta mot finansinstitusjonar.  I tillegg skal Lotteritilsynet arrangere nasjonale konferansar om spel og speleproblem, og vidareføre spelansvarsforumet for pengespelbransjen.  

Lotteritilsynet skal også delta i nettverk for erfaringsutveksling om forebyggingsarbeid, og det skal bli arrangert nettverksmøte for aktørar som gjennomfører tiltak i handlingsplanen.  

Nasjonale aktørar som jobbar med problematisk speleåtferd kan søke om støtte til arbeidet gjennom ei ordning forvalta av Lotteritilsynet og Helsedirektoratet.  

Fleire tiltak i handlingsplanen
  • Kampanjen «Snakk om spill» skal vidareutviklast til å bli ei fast kunnskapsplattform om barn og dataspel. Den skal gi barn, unge og foreldre oppdatert informasjon om spel og konsekvensane av speleproblem.  
  • Regelmessig innsamling av data frå pengespelmarknadane, innan dataspel og på behandlingsområdet. Slike data dannar grunnlag for forsking og analyse.   
  • Undersøkingar om speleåtferda i befolkninga skal gjennomførast ved jamne mellomrom.  
  • Lage ei felles nordisk undersøking om speleåtferda i befolkninga.  
  • Utarbeide årlege statusrapportar om spelfeltet i Noreg.  
  • Forsking på speleåtferd og åtferdsregulerande verkemiddel.  
  • Forsking på pengespel og skade, effekt av digitalisering og auka tilgjengelegheit på problemspel, etniske minoritetar, konsekvensar av speleproblem, risikofaktorar for å utvikle speleproblem, problemspel blant idrettsutøvarar, effekt av skadeavgrensande tiltak, effekt av tilgjengelegheit og digitalisering og effekt av regulering.   

Eit tiltak er å styrke hjelpetilbodet for speleavhengige. Helsedirektoratet har ansvar for tilbodet, medan Lotteritilsynet har ansvar for tilskotsordninga til frivillige organisasjonar som jobbar med folk med speleproblem, samt mellom anna informasjonsarbeid for og finansiering av Hjelpelinjen for spilleavhengige.  

Les heile handlingsplanen for 2022-2025.