No har Lotteritilsynet varsla tvangsmulkt, som dei må betale dersom den ulovlege marknadsføringa ikkje tar slutt.
– Vi forventar at dei sluttar å marknadsføre ulovlege pengespel i alle sine kanalar, og at dei fjernar alt som allereie ligg der, det har vi også fått signal om at dei vil gjere, seier Monica Alisøy Kjelsnes, jurist i Lotteritilsynet.
I eit tilsyn tidlegare i år avdekka Lotteritilsynet at Schpell marknadsførte ulovlege pengespel på nettsidene sine, og mellom anna i plattformene Twitch, Kick og YouTube.
Sebastian Nielsen Brevik og Henrik Lie Viken bidrog til marknadsføringa, mellom anna ved å ha “livesendingar” av at dei spelte ulovlege pengespel.
-Det vi såg er marknadsføring av pengespel med høg risiko for speleproblem, og den var retta mot unge norske følgarar. Dette er alvorleg. Influensarar kan ha stor påverknadskraft på unge.
Lotteritilsynet påla alle tre å stanse den ulovlege marknadsføringa. Både selskapet bak Schpell, Tiergarten Marketing, Baris Entertainment og Viken Underholdning klaga saka inn til Lotterinemnda, som er klageinstans.
Tydeleg vedtak frå Lotterinemnda
No har nemnda slått fast at alle tre har brote forbodet mot å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Norge.
-Lotterinemnda har gjort ein grundig jobb. Vedtaket deira er veldig tydeleg, og det er ingen tvil om at denne marknadsføringa er ulovleg. Vi forventar at den tar slutt, seier Kjelsnes.
Les vedtaka frå Lotterinemnda:
Tiergarten Marketing Ltd (PDF).
Varsel om tvangsmulkt
Lotteritilsynet har sendt varsel om tvangsmulkt. Tiergarten Marketing, som står bak Schpell, må betale 250 000 kroner dagen om dei ikkje sluttar med den ulovlege marknadsførina. Baris Entertainment og Viken Underholdnig må betale 50 000 kroner dagen.
-Dei har fått utsett frist til 17. desember med å sende oss svar på varselet. Dersom den ulovlege marknadsføringa tar slutt og alt som ligg av tidlegare innhald blir fjerna, slepp dei tvangsmulkt.
Les varsel om tvangsmulkt: