– Marknadsføringa er for pengespel som har høg risiko for å skape speleproblem og den treff ei ung målgruppe. Det ser vi alvorleg på, seier Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet.

Tilsyn vi har hatt med nettstaden til Schpell og dei sosiale kanalane deira viser at dei marknadsfører pengespel som ikkje er lov i Norge. Dei brukar mellom anna norske influensarar, som har ei rekke unge følgarar. På kanalar som Twitch, Kick og Youtube strøymer influensarane at dei speler ulovlege pengespel.

-Dette er ulovleg marknadsføring av pengespel. Vi er bekymra for at dei kan lede unge inn i farlege pengespel. Det er ein grunn til at det ikkje er lov å marknadsføre desse spela i Norge, seier Kjelsnes.

I desse spela kan ein tape tusenvis av kroner på kort tid, og sjølve spela er designa for at du skal få lyst til å spele meir. 

Schpell brukar norske influensarar, mykje av marknadsføringa deira foregår i Noreg og er retta mot Noreg. No har Lotteritilsynet pålagt selskapet bak Schpell, Tiergarten Marketing Ltd., å stanse den ulovlege marknadsføringa av pengespel.

Fleire kjende influensarar bidrar til marknadsføringa 

Vedtaket er også retta mot dei norske selskapa Baris Entertainment AS og Viken Underholdning AS. Dei har influensarar som Schpell har avtalar med og brukar i marknadsføringa.

-Dette er aktørar som har stor kraft til å påverke, og dei er med å normalisere pengespel. Influensarane strøymer og deler videoar av at dei spelar pengespel som ikkje er lov å tilby i Noreg, mens unge ser på og kan bli trigga til å spele sjølve.

Tiergarten Marketing Ltd., Baris Entertainment AS og Viken Underholdning AS har frist til 20. februar med å stanse å marknadsføre eller medverke til å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Dersom dei ikkje rettar seg etter vedtaket vil vi vurdere å gi dei tvangsmulkt. Det kan også bli aktuelt med overtredelsesgebyr.

Her kan du lese vedtaket som er sendt til Tiergarten Marketing Ltd (PDF).

Her kan du lese vedtaket som er sendt til Baris Entertainment AS (PDF).

Her kan du lese vedtaket som er sendt til Viken Underholdning AS (PDF).

Lotteritilsynet vurderer fleire tilsyn

Lotteritilsynet har auka innsatsen mot marknadsføring av ulovlege pengespel i sosiale medium. Ulovlege spelselskap har lenge brukt influensarar, idrettsprofilar eller andre kjendisar som ambassadørar. Med ny pengespellov har vi fått fleire virkemiddel for å stanse dei.

I ein eigen influensaraksjon i 2023 kartla vi 40-50 influensarar som tidlegare har bidratt til marknadsføring av pengespel.

-Då såg vi at mange av dei største influensarane har stoppa marknadsføringa av dei ulovlege pengespela. På same tid er det nokre som balanserer på grensa til å bryte lova. Vi kjem til å følge med og vurdere fleire tilsyn, seier Kjelsnes.