Snart sender vi ut ei undersøking til fleire tusen av brukarane våre. – Det er brukarane vi er til for, så det er viktig for oss å gjere ein så god jobb som mogleg, seier kommunikasjons- og strategidirektør Terje Gilleshammer.
Eit viktig mål for oss er at dei som er i kontakt med oss får relevant informasjon og god rettleiing. Derfor er det også viktig for oss å spørre brukarane om korleis dei opplever oss, anten dei ringer, besøker nettsida vår eller har kontakt med oss på andre måtar.
I veke 42 sender Respons Analyse ut ei brukarundersøking på vegne av Lotteri- og stiftelsestilsynet.
– Svara som kjem inn vil gi oss eit oppdatert grunnlag for korleis vi bør jobbe vidare rettet mot brukarane våre, seier Gilleshammer.
Undersøkinga går ut til ulike brukargrupper som har vore i kontakt med oss det siste året. Alle svar og data blir behandla anonymt av Respons Analyse, og i tråd med GDPR og personvernlovgivinga.
– Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg svarar og vil hjelpe oss å bli betre, seier Gilleshammer.