Snart sender vi ut ei undersøking til fleire tusen av brukarane våre. – Det er dykk vi er til for, og det er viktig for oss å gjere jobben vår best mogleg, seier kommunikasjons- og strategidirektør Marie Havnen. 

Eit viktig mål for oss er at de som er i kontakt med oss får relevant informasjon og god rettleiing. Difor er det også viktig for oss å spørre dykk om korleis de opplever oss, anten de ringer, besøker nettsida vår eller har kontakt med oss på andre måtar. 

I veke 39 sender Respons Analyse ut ei brukarundersøking på vegne av Lotteri- og stiftelsestilsynet.  

– Svara, behova og ønska som kjem inn vil gi oss grunnlag for korleis vi bør jobbe vidare, seier Havnen. 

Undersøkinga går ut til ulike brukargrupper som har vore i kontakt med oss det siste året. Alle svar og data blir behandla anonymt av Respons Analyse, og i tråd med GDPR og personvernlovgivinga.  

– Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg svarar, seier Havnen.