Fristen for å søke momskompensasjon på kostnader for frivillige lag og organisasjonar gjekk ut 1. september.
I år har vi mottatt 1432 søknader, som er 81 fleire søknader enn i fjor. Samla søknadsbeløp vil bli klart når vi er ferdige med å registrere søknadane i midten av september. Saksbehandlinga blir avslutta i slutten av november og tildelingsbrev blir sendt ut første veka i desember. Utbetaling er som tidlegere år medio desember.
Sjå søknadsstatus
Merk at ikkje alle søknader er lagt inn i statusskjemaet, men vi vil ha registrert alle søknader innan utgangen av veke 37. Endelig status og tildelt beløp ser du først når alle saker er avslutta og tildelingsbrev er sendt ut.
Pengane skal kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift i 2015.