Lotteritilsynet har den siste tida blitt kontakta av fleire personar som lurer på om vi har blokkert ulike nettsider. Det har vi ikkje gjort.
Ingen heimel til å blokkere nettsider
I Norge er det Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har løyve til å marknadsføre pengespel på nett. Lotteritilsynet arbeider dagleg med å stoppe reklame frå utanlandske pengespelselskap, som ulovleg tilbyr pengespel på nett retta mot nordmenn. Vi har ikkje heimel til å blokkere nettsider, men kan pålegge aktørar å stoppe ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel på bestemte nettsider. Så lenge det ulovlege innhaldet vert fjerna, er det valfritt på kva måte aktøren gjer dette.
I saka publikum spør oss om har ein person kjøpt opp abonnement til fleire domene. Nokre av nettsidene kan sjå ut som om dei er eigd av lovlege aktørar, som for eksempel kommunar og idrettslag. Desse nettsidene har lenker til ulovlege pengespelselskap og kasinoportalar. Andre av nettsidene skriv positiv omtale om pengespel og linkar til ulike kasinoportalar. Dette er to av fleire verkemiddel ulovlege aktørar nyttar for å få nordmenn til å besøke nettsider som inneheld ulovleg tilbod av pengespel i Norge.
Vedtak med pålegg om stans
Den 30. januar 2018 fatta Lotteritilsynet eit vedtak med pålegg om stans av ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel. Vedtaket var retta mot 28 selskap med same kontaktperson, og gjaldt 239 ulike nettsider med ulovleg innhald.
Eit vedtak med pålegg om stans av ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel, inneber at aktøren som er ansvarleg blir pålagt å stoppe den ulovlege verksemda. Eit slikt vedtak rettar seg berre mot det ulovlege innhaldet på nettsida. Dersom det er lovleg innhald på nettsida, er dette aldri omfatta av eit slikt vedtak.
Som følgje av vedtaket av 30. januar stansa alle ulovlege forhold på nettsidene som det eine av dei 28 selskapa var ansvarleg for. Dei 27 resterande selskapa hadde framleis nettsider med ulovleg marknadsføring og formidling av pengespel.
Vedtak om tvangsmulkt
Lotteritilsynet fatta vedtak om tvangsmulkt den 30. april 2018. Vedtaket om tvangsmulkt innebar ei bot på 2000 kroner per dag per selskap, dersom dei ulovlege forholda, som nemnt i vedtaket med pålegg om stans ikkje vart retta opp innan ei veke. Dette resulterte i at selskapa etterkom pålegget, og fjerna all ulovleg marknadsføring og formidling på dei 239 nettsidene.
Denne saka har Lotteritilsynet sett alvorleg på, både grunna saka sitt omfang og grunna gjentakande forhold.
Her kan du sjå ei liste over pengespelselskap utan løyve til å tilby, marknadsføre eller formidle pengespel i Norge. Lista er ikkje uttømmande, då det stadig blir etablert nye pengespelselskap.