Høgsteretts ankeutval finner einstemmig at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til å fremme saka for Høgsterett. Borgarting lagmannsrett sin dom av 5. mars 2018 er no rettskraftig.

Ankeutvalet finner einstemmig at det ikkje er grunn til å fremme saka for høgsterett.

I april 2014 vedtok Lotteritilsynet at sal av medlemskap, og av produktet Dream Tips, måtte stoppe fordi drifta var i strid med lotterilova § 16 som forbyr ulovlege pyramidar. Dette fordi inntektene til WorldVentures i overvegande grad stamma frå verving av deltakarar i omsettingssystemet og ikkje frå forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.

WorldVentures meinte vedtaket var ugyldig og klaga til Lotterinemnda, men fekk ikkje medhald i klagen. WorldVentures saksøkte deretter staten fordi dei meinte vedtaket i Lotterinemnda var ugyldig.

Oslo Tingrett frikjente staten ved Kulturdepartementet i dom av 27. september 2016 i søksmålet frå World Ventures. WorldVentures anka saka til lagmannsretten. Borgarting lagmannsrett forkasta anken i dom av 5. mars 2018 og konkluderte med at WorldVentures dreiv eit ulovleg pyramideliknande omsettingssystem i Norge. WorldVentures anka deretter saka til Høgsteretts ankeutval.

Høgsteretts ankeutval har konkludert med at det ikkje er grunn til å fremme saka for Høgsterett, så dommen i Borgarting lagmannsrett er no rettskraftig.