Stiftelsen har ikkje hatt god nok styring og kontroll med at pengane dei samlar inn går til formålet, og private givarar har ikke fått god nok informasjon om kva dei gir pengar til. Det viser Stiftelsestilsynet sitt tilsyn med Misjonen Jesus Leger.

Stiftelsestilsynet opna tilsynssak med Misjonen Jesus Leger etter saker i VG, som gav grunnlag for å undersøke om det var forhold i stiftelsen som ikkje var i samsvar med stiftelseslova.

– Vi har sett på styret sine prosessar, både når det gjeld kva dei formidlar til givarane når dei samlar inn pengar, styret sine vurderingar og korleis dei sikrar at pengane går dit dei skal, til formålet. Vi har funne fleire kritikkverdige forhold som styret no ryddar opp i, seier May Helen Vik, jurist og områdeansvarleg i Stiftelsestilsynet.

– Kan ha skada omdøme

Misjonen Jesus Leger har gitt pengar til prosjekt i India og Canada, via samarbeidsaktørar i desse landa. I åra 2014-2016 gav stiftelsen støtte til bygging av barneheimar i India. Men den største mottakaren av pengestøtte frå stiftelsen er organisasjonen Jesus Heals Ministries Society i Canada.

Hovudinntekta til stiftelsen er pengar frå private givarar.

– Styret har ikkje vore bevisste nok på at informasjonen dei gir til givarar skal samsvarar med det pengane går til. I nokre tilfelle kan det ha gitt pengegivarar eit feilaktig inntrykk. Dette kan skade tilliten og omdømmet til stiftelsen, og det kan igjen gå utover formålet.

Tidlegare handla dette om informasjonen om støtte til barneheimsbarn i India. Denne informasjonen har styret retta opp.

– I dag ser vi at formidlinga om stiftelsen sine misjonsaktivitetar i Canada kan gje inntrykk av at pengane folk gir hovudsakeleg går til direkte støtte til indianarar og rusarbeid, men i realiteten går mest av pengane til organisasjonen Jesus Heals Ministries Society.

Fleire roller

Svein Magne Pedersen, som er både opprettar og styreleiar i Misjonen Jesus Leger, har tette band til Jesus Heals Ministries Society. Der er han styreleiar og familimedlemmar arbeider som misjonærar. Formålet til Jesus Heals Ministries Society er misjonering og evangelisering. Det er det same formålet som Misjonen Jesus Leger har.

Stiftelsar har verken eigarar eller medlemmar, og det er styret som er det øvste organet. Det at ein person har fleire og sentrale posisjonar gir generelt ein risiko for stiftelsens sjølvstende og uavhengigheit. Det stiller store krav til prosessane i styret. Styremedlemmane skal sette stiftelsen sine interesser først.

– Når ein sit på «begge sider av bordet» vil det i praksis vere risiko for at det skjer ulovlege utdelingar som følgje av inhabilitet. Her ligg det eit ekstra ansvar på styret å sikre at prosessane er forsvarlege, og at omverda kan ha tillit til avgjerslene styret tek.

Ikkje god nok kontroll

Å gi pengar via samarbeidsaktørar eller prosjekt, spesielt i andre land, set generelt også større krav til styret. Dei må sjå til og følgje opp at pengane stiftelsen delar ut til samarbeidsaktørane faktisk går til formålet.

– Vi har stilt spørsmål ved om styret gjorde gode nok undersøkingar og vurderingar i forkant og særleg undervegs i samband med prosjekt i India. Dei har ikkje hatt gode nok rutinar for oppfølging av prosjekta stiftelsen har delt ut pengar til. Sidan stiftelsen framleis har samarbeidsaktørar i India og andre land er dette framleis aktuelt, og vi har bedt styret få på plass ei oppfølging som er forsvarleg.

Stiftelsen sitt formål er å drive misjonering og evangelisering.

– Dette er et vidt formål. Ut i frå dokumentasjonen styret har lagt fram i tilsynet går det ikkje fram at stiftelsen har gitt pengar til aktivitetar og prosjekt utanfor formålet, sjølv om styret sine prosessar har vore for dårlege i fleire tilfelle.

Styret ryddar opp

Styret i stiftelsen har retta opp i fleire av forholda Stiftelsestilsynet har peika på undervegs i tilsynet.

– Ser vi tilbake i tid er det fleire kritikkverdige forhold som ikkje har vore i tråd med stiftelseslova, og dette er alvorleg. Styret har rydda opp i mykje av det vi har peika på, og er i gong med å få på plass det som står at. Vi har bedt dei sende oss dokumentasjon på at dei har fått på plass gode nok rutinar, som sikrar at stiftelsen blir driven forsvarleg.

Les heile tilsynsrapporten her.