Slik hylla Nicolai Tangen stiftelsesforma i eit fyrverkeri av eit innlegg på markeringa av Den europeiske stiftelsesdagen, og markering av at Stiftelsestilsynet er tjue år i år.
Stiftelsesforeningen og Stiftelsestilsynet stod bak det felles arrangementet som hadde «Stabilitet i ei uroleg verd» som overordna tema, der vi såg nærare korleis stiftelsar kan sikre tillit, kunnskap og verdiar for framtida.
Blant dei mange og inspirerande innlegga høyrde vi Nicolai Tangen fortelje om korleis AKO-stiftelsen sikrar nordisk kunst og gjer den tilgjengeleg for ålmenta.
Alexandra Bech Gjørv i stiftelsen SINTEF utfordra næringslivet til å danne stiftelsar som kan skape meir næringsliv, og håpar fleire stiftelsar kan vere med og løfte forsking som eit ålmennyttig formål.
Hjerneforskningsfondet fortalde korleis dei bidrar med langsiktig og tolmodig finansiering til det sterke hjerneforskingmiljøet i Trondheim, der May-Britt og Edvard Moser er frontfigurar.
Stiftelsen Bellona og Klimastiftelsen UMOE viste styrken stiftelsar kan ha i moderne og uthaldande klimakamp.
20 år som tilsyn
Kontroll og regulering er avgjerande for at samfunnet skal ha tillit til det viktige arbeidet som skjer i norske stiftelsar.
Stiftelsestilsynet vart oppretta i 2005. Før det var kontrollen spreidd til det som heitte Fylkesmannen for nokre typar stiftelsar, og ein hadde ikkje ei samla oversikt over stiftelsane.
Det var eit ønske frå samfunnet om ein auka konsistent kontroll av stiftelsar, og i prosessen med lovarbeid vart det slått fast at det skulle etablerast eit samla tilsyn med stiftelsar: Stiftelsestilsynet. Dette var løyst gjennom å legge det til Førde med felles administrasjon med Lotteritilsynet.

I dette fellesskapet har Stiftelsestilsynet utvikla seg og evna å rekruttere gode fagfolk slik at landets fremste ekspertar på stiftelsesrett finn ein i dag i Førde.
Gjennom våre kontrolloppgåver og eit eige register; Stiftelsesregisteret, er vi no godt kjende med norske stiftelsar. Samstundes har vi også sett at samfunnet har manglande kunnskap om stiftelsar og denne særeigne sjølveigande organisasjonsforma.
Vi har derfor satsa på å få fram kunnskap om stiftelsar og deira samfunnsoppdrag. Både gjennom eigne undersøkingar og arrangement der ein har fått fram heilskap og nøkkeltal rundt stiftelsar sine bidrag.
Stiftelsar er meir enn fond og pengar. Det er også aktivitet og samfunnspilarar både innan forsking, helse, museum, media – ja om lag i alle sektorar.
Vi må ha opne, transparante stiftelsar som tek samfunnsansvar med orden, godt styrearbeid og eit langsiktig blikk på formålet.
Det har vi i Stiftelsestilsynet passa på i 20 år og skal halde fram med å gjere.
