Skal undersøke om styret har hatt god nok kontroll med at pengane går til stiftelsen sitt formål.
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) gav Ernst & Young i oppdrag å undersøke økonomistyringa til stiftelsen Født Fri, etter å ha mottatt varsel. IMDi har tidlegare tildelt stiftelsen statlege midlar.
I rapporten skriv EY at stiftelsen har brukt delar av statsstøtta dei mottok til andre formål enn dei fekk støtte til, og at dei manglar god økonomistyring. På bakgrunn av rapporten trekkjer Kunnskapsdepartementet støtta til Født Fri i forslaget til statsbudsjett for 2021.
Styret har forvaltningsansvaret i stiftelsen. Forvaltningsansvaret går ut på at styret skal fastsette strategi, planar, budsjett og retningslinjer for verksemda. Styret har vidare eit tilsynsansvar/kontrollansvar som går ut på at styret skal føre tilsyn med dagleg leiar og stiftelsen si verksemd.
-Vi har avventa rapporten frå IMDi. Det som kjem fram i den gjer at vi meiner det er riktig å undersøke om styret har hatt god nok kontroll, seier Karsten Karlsen Sunde, seniorrådgjevar i Stiftelsestilsynet.
Tilsynet skal undersøke kva kontrollrutiner styret i stiftelsen har hatt, og om dei har handla i tråd med lova.
-Styret har ansvar for at pengane i stiftelsen går til formålet til stiftelsen. No vil vi be om dokumentasjon og undersøke saka grundig før vi kjem til noko konklusjon.