Stiftelsestilsynet opnar tilsyn med stiftelsen Misjonen Jesus Leger. Tema for tilsynet er om styret sikrar at utdelingar er i samsvar med formålet, og forvaltar stiftelsen forsvarleg.
Vi ber om at styret i Misjonen Jesus Leger gir ei oversikt over aktørar og aktivitetar stiftelsen har delt ut midlar til dei siste åra, og korleis styret sikrar at midlane vert nytta i samsvar med det opplyste og vedtektsfesta formålet.
Vidare må styret gjere greie for og dokumentere at stiftelsens forvaltning er forsvarleg, inkludert kontroll over rekneskap og formue.
Bakgrunnen for tilsynet er forhold som kjem fram i medieoppslag, og som kan gi risiko for brot på stiftelseslova og stiftelsens vedtekter. Stiftelsen får store delar av inntektene sine frå private givarar og realiserer formål delvis via samarbeidsaktørar i utanlandet. Styret må i slike tilfelle ha på plass dei kontrollmekanismane som er nødvendige for å sikre samsvar med krava i stiftelseslova.
Etter stiftelseslova er det styret som er øvste organ og ansvarleg for forsvarleg forvaltning av stiftelsen, og at stiftelsens formål blir ivaretatt. Ansvaret inneber at styret i tillegg til å utøve forsvarlege vurderingar og slutningar også må ha på plass eigna kontroll og tilsyn for stiftelsens midlar. Dette ansvaret er løpande.
Styret har fått frist til 10. desember for å gi tilbakemelding til Stiftelsestilsynet.
Brev om melding om tilsyn – Stiftelsen Misjonen Jesus Leger les du her.