Stiftelsestilsynet opnar tilsyn med Stiftelsen Bergensklinikkene. Tema for tilsynet er om styret forvaltar stiftelsen på forsvarleg måte og innanfor rammene av stiftelseslova.
Stiftelsestilsynet ber i tilsynet om at styret gjer greie for relevante rutinar og prosessar knytt til styrearbeid, økonomistyring og kommunikasjon mellom styret, dagleg leiing og organisasjonen elles. Vidare ber vi styret gjer greie for oppfølginga av sitt ansvar for stiftelsen og styret si vurdering av om forvaltninga er forsvarleg, særskilt ved aktuelle risikosituasjonar.
Bakgrunnen for tilsynet er informasjon vi har fått direkte til oss, samt fleire medieoppslag dei siste par månadane.
Styret er øvste organ og er ansvarleg for stiftelsens forvaltning av formuen og formålsrealisering. Stiftelseslova stiller krav til at forvaltninga av stiftelsen skal vere forsvarleg, slik at formåla vert i vare tatt og at rekneskap og forvaltning av formuen er under trygg kontroll.
Standarden om forsvarleg forvaltning inneber i hovudsak at styret sikrar tilstrekkeleg planlegging og utføring av styrets oppgåver og ansvar, samt eigna kontroll og tilsyn med stiftelsen sine prosessar og drift. Dette ansvaret er kontinuerleg.
Styret har fått frist til 31. oktober for si tilbakemelding.
Brev om melding om tilsyn til Stiftelsen Bergensklinikkene les du her.
Kontaktpersonar i Stiftelsestilsynet
Seniorrådgjevar May Helen Vik, tlf. 906 49 003 , eller e-post.
Seniorrådgjevar Karsten Karlsen Sunde, tlf. 971 62 393, eller e-post.