36 land har gått saman om ei felles erklæring om å jobbe aktivt for å bekjempe dei ulovlege pengespela.

GREF (Gaming Regulators European Forum) har mellom anna som mål å beskytte spelarar frå risikoen i å spele hos ulovlege selskap.

– Felles for alle medlemmane er bekymringa for at dei ulovlege spelsidene ikkje beskyttar spelarane på same måte som dei lovlege. Å bli avhengig av pengespel er alvorleg for både spelarar og familiane deira, seier Monica Alisøy Kjelsnes, jurist i Lotteritilsynet og medlem i GREF.

Skal samarbeide mot ulovlege selskap

Medlemslanda har ulike lover og reglar, men på tvers av dette opplever fleire land at selskap tilbyr og marknadsfører pengespel utan lov. Medlemmane i GREF skal samarbeide i kampen mot selskap som tilbyr pengespel utan løyve.

– Dette skal vi gjere gjennom utveksling av informasjon og kunnskap, åtvaringar og felles handlingar mot ulovlege pengespel. Vi vil mellom anna gå saman i dialog med sosiale medium og store teknologiselskap, som Google, for å førebygge ulovleg spelreklame i dei ulike landa, seier Kjelsnes.

Her kan du lese erklæringa på GREF sine heimesider.

– Vanskelegare å operere i den norske marknaden

I Noreg er det fleire spelselskap som både tilbyr og marknadsfører pengespel utan lov. Vi får stadig fleire verktøy for å stoppe desse selskapa. Den ulovlege TV- reklamen er borte, og norske bankar stoppar overføringar til og frå selskapa.

Unibet- eigar Trannel har fått tvangsmulkt. Betsson- eigar BML Group har fått varsel om tvangsmulkt, som dei må betale om dei ikkje trekker seg ut av Noreg.

– Vi ser at det blir vanskelegare for dei ulovlege aktørane å operere i den norske marknaden . Vi kjem til å prioritere dette arbeidet høgt framover, og vi vil opprette tilsyn med fleire selskap. Når det gjeld selskap som har intensjon om å trekke seg ut av Noreg og set i verk tiltak som viser at det er ein realitet, vil vi prioritere å rettleie dei, seier Kjelsnes.