Fleire alvorlege feil har blitt avdekka det siste året. – Norsk Tipping har for dårleg kontroll med spela sine, seier Anya Therese Markhus, seniorrådgivar i Lotteritilsynet.
27. juni fekk fleire tusen spelarar varsel om altfor høge premiar i Eurocjakpot. Det er ein av fleire alvorlege feil som har blitt avdekka det siste året:
- I fjor fekk ein spelar ved ein feil utbetalt 25 millionar kroner frå kasinospelet KongKasino.
- Spelarar på iPhone/iPad fekk ikkje stenge seg ute frå Norsk Tipping sine spel i fire månadar i fjor. Dette blei ikkje oppdaga før ein spelar meldte frå.
- Alvorlege trekningsfeil i den norske millionpremien i Eurojackpot og supertrekninga i Lotto har ført til at spelarar i andelslag, andelsbank og spelelag har hatt større vinnarsjanse over fleire år. Feilen har ført til at det har vore feil vinnar i kvar einaste trekning. Denne feilen blei også oppdaga på grunn av tips.
– Desse sakene viser eit grunnleggande problem i Norsk Tipping sine system og kontrollar. Det er alvorlege feil, og i tillegg er det fleire døme på at Norsk Tipping ikkje har oppdaga dei før konsekvensane blir store, seier Markhus.
Skal sjå på heile prosessen
No varslar Lotteritilsynet full gjennomgang av dei største lotterispela til Norsk Tipping. Tilsynet skal sjå på heile prosessen, frå innleveringsfristen for spelarane til utbetaling av gevinst.
Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto er dei største lotterispela til Norsk Tipping, med fleire millionar spelarar i året.
Første steg i tilsynet er å hente inn dokumentasjon. Planen er også å vere til stades på trekningar til hausten.
– Det er vanskeleg å seie kor lang tid tilsynet vil ta, seier Markhus.