Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda mot problematisk speleåtferd, kan søkje om økonomisk støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2017.

Handlingsplanen

Eitt av måla i Regjeringens handlingsplan mot spilleproblemer for 2016-2018 er tidleg identifisering og god behandling av problematisk speleåtferd. Frivillige støttegrupper er eit viktig lågterskel hjelpetilbod til menneske som opplever speleproblem. Støttegrupper bidreg saman med hjelpeapparatet og offentlege myndigheiter med å førebyggje problem og redusere skadeverknader. I tillegg har også andre organisasjonar særleg aktivitetar innafor sine område med målsetjing om å hjelpe, førebyggje eller informere om speleproblem. Det er viktig at frivillige organisasjonar med god kjennskap til feltet kan setje i gang aktiviteter basert på eigne erfaringar.

Kan søkje no

Det er Lotteritilsynet som forvaltar ordninga, og følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:

  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd.
  • Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige
  • Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytta til speleavhengighetsproblematikk / problematisk speleåtferd.

2,2 millionar i 2017

Tilskotsordninga gjeld for både pengespel og dataspel, og vi skiljer mellom drifts- og prosjektstøtte. For 2017 er råma for tilskotet 2,2 millionar kroner. Lotteritilsynet legg til grunn at det kjem inn mange nok søknader, og at det er stor nok breidde i søknadene for at heile potten skal kunne tildelast.

Søknadsfristen er 31. januar 2017