Vi har fornøgde brukarar med høg tillit til oss, viser brukarundersøkinga vår. – Det er brukarane vi er til for, og det skal vi ha fokus på kvar einaste dag, seier Marie Havnen.

Brukarundersøkinga har mellom anna gått ut til norske stiftelsar, lotteri- og bingoaktørar, søkarar på momsordninga og idrettsmomsen. Dei har fått spørsmål om korleis dei oppfattar Lotteri- og stiftelsestilsynet, kva dei synest om informasjonen og rettleiinga vi gir og korleis det er å ha kontakt med oss.  

Jobbar for å styrke brukaren

Respons Analyse har gjort undersøkinga for oss, og vi fekk inn over 2300 svar.  

– Strategien vår og samfunnsoppdraget vårt er å ha brukaren i fokus, og vi er glade for at vi lukkast godt med det. På same tid skal ikkje dette vere ei kvilepute, og vi skal jobbe vidare, seier Marie Havnen som er kommunikasjons- og strategidirektør.  

Forrige brukarundersøking blei gjort i 2018, og vi held det same høge nivået no. Det samla bildet er at brukarane er fornøgde eller svært godt fornøgde.   

– På same tid peikar undersøkinga ut område der vi kan bli endå betre. Vi vil takke alle som har svart.

Høg tillit  

Brukarane blei også spurt om tilliten til oss, og der ligg vi mellom 70 og 80 i score, på skalaen som går til 100.  

– Dette er viktig for oss. Vi er avhengige av tillit i jobben med å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.   

Her kan du lese brukarundersøkinga.