800 kundar fekk spele over tapsgrensene sine. No er det varsla gebyret på 6 millionar kroner vedtatt.
Norsk Rikstoto skal ha tapsgrenser for å førebygge speleproblem og sikre at spel skjer på ein trygg og ansvarleg måte. Spelarane kan sette eigne tapsgrenser for å begrense spelinga si, og dei kan uansett ikkje tape meir enn 60 000 på tre månadar pluss gevinstar.
På grunn av ein teknisk feil har 806 kundar fått spele over tapsgrensene sine. Årsaka er ein teknisk feil, som har vart frå desember 2022 til september 2025. Feilen har vore i Andelstorget og På Lag- løysinga.
I november varsla Lotteritilsynet om eit gebyr på inntil 6 millionar kroner for feilen , og no er gebyret vedtatt .
– Tapsgrensene er det viktigaste verktøyet for å hindre at spelarar får alvorlege problem. At tapsgrensene ikkje har fungert i ein så lang periode er svært alvorleg, seier Tore Bell, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Rammar sårbare spelarar
Samla er det spelt for nesten 4 millionar kroner over tapsgrensene, fordelt på 2047 tilfelle.
7 kundar fekk spele meir enn 100 000 kroner over tapsgrensene, og ein av dei fekk spele for 643 000 kroner over.
– Mange kundane som har fått spele utover tapsgrensene sine er spelarar som har middels eller høg risiko for å utvikle speleproblem. Dei har tatt bevisste val for å beskytte seg, og tapsgrensene skal vere eit sikkerheitsnett.
Spelarane kan ha tapt meir pengar enn dei sjølv har ønskt eller planlagt, og for sårbare spelarar kan feilen har ført til økonomiske utfordringar og tap av kontroll.
Retta raskt då feilen blei oppdaga
6 millionar er 0,63 prosent av omsetninga til Norsk Rikstoto, som var på 950 millionar i 2024 etter frådrag av premie.
– Det er formildande at feilen blei raskt retta då den blei oppdaga, og at Norsk Rikstoto har vore åpne, samarbeida godt og holdt oss godt orientert om saka, seier Bell.
Det er også første gang Norsk Rikstoto får lovbrotsgebyr etter pengespellova.