Skiljet mellom alminnelege og næringsdrivande stiftelsar bør opphevast, og enkle vedtektsendringar kan vedtakast utan godkjenning av Stiftelsestilsynet. Det er to av forslaga til endringar i stiftelseslova frå Stiftelseslovutvalget.
Gjeldande stiftelseslov har vore verksam sidan 1. januar 2005, og etter den tid har det skjedd ei vesentleg utvikling i stiftelsessektoren.
Som ledd i evalueringa av stiftelseslova, har utvalet blant anna vurdert om skiljet mellom alminnelege og næringsdrivande stiftelser bør oppretthaldast, og om det bør vere rekneskaps- og revisjonsplikt for alle stiftelsar uansett storleik. Utvalet har også vurdert om alle typar vedtektsendringar skal godkjennast av Stiftelsestilsynet. Her kan du lese fullstendig oversikt over utvalets mandat.
Bør framleis ha rekneskaps- og revisjonsplikt
Det er utvalets klare tilråding at alle stiftelsar framleis skal ha rekneskaps- og revisjonsplikt. Det er likevel utvalet si meining at rekneskapsreglane bør tilpassast for stiftelsar som ikkje driv næringsverksemd.
Stiftelseslovutvalget leverte si utgreiing med forslag til ny stiftelseslov den 21. oktober.
Les pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Utvalet som har evaluert lova hadde Gudmund Knudsen som leiar. Med i utvalet var også Inger Julie Aasland, Celie Tveit og Aksel Mjøs. Cecilie Dueled og Liv Tystad har vore sekretærar for lovutvalet, som vart oppnemnt 5. februar 2016.
Tilrår fleire endringar
I utgreiinga tilrår Stiftelseslovutvalget ei ny lov om stiftelsar. Føreslegne endringar frå gjeldende lov er blant anna:
- At enkle vedtektsendringar som gjeld administrative tilhøve kan registrerast utan søknad til Stiftelsestilsynet. Samstundes må formålsendringar, og endringar som stiftelsen sin opprettar har lagt vesentleg vekt på, framleis godkjennast av tilsynet. Dette vil bidra til at tilsynet kan bruke ressursane sine betre.
- Utdelingsstiftelsar skal kunne delegere mynde til å avgjere visse utdelingar til dagleg leiar. Det blir tilrådd at alle stiftelsar skal ha plan for både formålsrealisering og kapitalforvaltning.
- At skiljet mellom alminnelege og næringsdrivande stiftelsar blir oppheva, slik at næringsdrivande stiftelsar ikkje lenger skal vere ein eigen kategori.
- Stiftelsen sin vedtektsfesta grunnkapital skal ikkje kunne endrast ved seinare kapitaltilførsel. Grunnkapitalen blir dermed ein historisk storleik, og stiftelsane slepp å endre vedtektene sin bestemmelse om grunnkapital.
- For å styrke stiftelsen som uavhengig, blir det tilrådd at stiftelsar skal ha minst tre styremedlemmer, og at minst to av desse skal vere uavhengige av oppretteran og den som skaut inn grunnkapital i stiftelsen.
Utvalet peikar på at Stiftelsestilsynets sentrale rolle som tilsynsorgan for alle stiftelsar har bidrege sterkt til å auke tilliten til stiftelsesinstituttet. Utvalet meiner difor at Stiftelsestilsynet bør vidareførast i si noverande form, og tilrår ingen endringar i reglane om tilsynets organisasjon og oppgåver. Utvalet meiner også at Stiftelsesregisteret bør vidareførast som eit eige register som blir ført av Stiftelsestilsynet.
Høyringsfrist 30. januar
Utgreiinga er no send på høyring. Høyringsfristen er 30. januar 2017. Høyringsbrev, høyringsnotat og liste over høyringsinstansar er tilgjengeleg på Nærings- og fiskeridepartementets nettsider.
Regjeringa har planar om å fremje forslag om ny stiftelseslov for Stortinget i 2017.