Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknader frå speleoverskotet til Norsk Tipping 27. april og søknadsfristen er 4. mai 2020.

For å avhjelpe konsekvensane av Korona-krisa har regjeringa i dag fastsett ei mellombels forskrift som gir unntak frå reglane om tildeling av Norsk Tipping sitt overskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

– Den mellombelse forskrifta gjer at dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane kan få tilskot frå Norsk Tipping utbetalt allereie i mai. Dette er frie middel og ei tidleg tildeling vil bety mykje for organisasjonane i krevjande tider. Dette er eit av tiltaka vi gjer for å bidra til å oppretthalde aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q Raja i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

Organisasjonar som fekk tilskot frå ordninga i 2019 vil få tilskot i 2020 basert på årsrekneskapen frå 2018. Organisasjonar som fyller vilkåra i forskrifta men som ikkje fekk midlar i 2019, kan søkje tilskot basert på årsrekneskap for 2018.