Tilsynet med Nordnorsk Kunstmuseum er ferdig

Stiftelsestilsynet meiner at styrebehandlinga i samband med at direktøren for museet vart skifta ut var hastig, men forsvarleg.

Våren 2019 blei direktøren for Nordnorsk Kunstmuseum løyst frå stillinga før åremålet var over. Dette førte til fleire mediesaker, og direktørskiftet blei kritisert. Det blei også stilt spørsmål ved korleis styret i stiftelsen gjennomførte styremøte og fatta vedtak. Mediesakene og fleire henvendelsar til Stiftelsestilsynet førte til tilsynet med stiftelsen.  

Hovudtemaet for tilsynet har vore om styret organiserer arbeidet sitt på ein slik måte at dei sikrar at stiftelsen blir forvalta forsvarleg.  

 -Vi har også sett på korleis styret har handtert den særskilde risikosituasjonen dei har vore i, i samband med at direktøren blei løyst frå stillinga før åremålet var over. Det vi ser på er styrebehandlinga, og om styret har ivaretatt stiftelsen, seier Karsten Karlsen Sunde, seniorrådgjevar i Stiftelsestilsynet.  

Dei har sikra ei forsvarleg forvaltning av stiftelsen 

Stiftelsestilsynet har gjort vurderingar av korleis stiftelsen planlegg og gjennomfører styrearbeidet, både generelt og i det konkrete styremøtet dei behandla direktørens åremålsavtale.

 -Tilbakemeldinga vår til styret er at styrebehandlinga i samband med at direktøren blei skifta ut var hastig, og avveik frå stiftelsen sine eigne retningslinjer. Dersom prosessane ikkje er forsvarlege kan det gå utover stiftelsen, til dømes dersom viktige omsyn ikkje blir ivaretatt. Men på same tid er det fleire faktorar i denne saka som reduserer den risikoen, seier Sunde.

Styret har forklart at det både var nødvendig og at det hasta med å avslutte den aktuelle åremålsavtalen. Styremedlemmane var kjende med saka som skulle behandlast, tempoet i prosessen og dei hadde fått informasjon om situasjonen i forkant. I etterkant har styret også behandla saka på nytt, og vedtatt å oppretthalde at direktøren skulle løysast frå åremålet.  

-Dette gjer at vi meiner styrebehandlinga samla sett er forsvarleg. Det er svakheiter i prosessen, men ikkje alvorlege svakheiter. Vi gjer ikkje ei vurdering av om det var feil eller riktig å løyse direktøren frå stillinga, vår jobb er å sjå på om stiftelsen sine interesser er tatt vare på i prosessen.

Styrearbeidet i stiftelsen generelt 

Når det gjeld styrearbeidet generelt har stiftelsen vedtatt ein styreinstruks som set rammer for styret si saksbehandling. 

-Dette er positivt, og det er vår klare tilråding at alle stiftelsar gjer dette. Det sikrar at vurderingane til styret blir dokumentert.  

Styret har også sjølv identifisert fleire manglar i stiftelsen sitt planverk,  som dei jobbar med å utbetre.

Etter gjennomgangen har Stiftelsestilsynet enkelte innspel til justeringar i styreinstruksen og dokumentasjonen av styremøte.

Desse innspela er:  

  • Å lage plan med oversikt over når ulike oppgåver og styresaker skal utførast gjennom året (årshjul) 
  • Å gjennomgå eigne retningslinjerom teieplikt.
  • Å sørge for å at protokollar blir signerte.
  • Å sørge for at styremedlemmar har tilgang til informasjon og godt saksgrunnlag for styret sine avgjerder,  også når styremøte blir hatt elektronisk.

Her kan du lese heile tilsynsrapporten.