Det er gjort følgande vedtak:

  1. Stiftelsen Folkeandelen og PlayCherry Ltd. må stanse marknadsføringa og formidlinga av Spilleautomater.com gjennom Folkeandelen, mot norske lag og foreiningar og nordmenn.
  2. Stiftelsen Folkeandelen og PlayCherry Ltd. må stanse utsendinga av e-postar til norske lag og foreiningar med invitasjon om å delta i Folkeandelen, og etterfølgande e-postar med oppfordring om å spele og rekruttere spelarar til Spilleautomater.com.

Dersom selskapa ikkje innrettar seg etter vedtaket vil vi fatte vedtak om tvangsmulkt. Tvangsmulkta vil vere på 2500 kroner per dag for Stiftelsen Folkeandelen og for PlayCherry Ltd.

Spilleautomater.com har ikkje løyve til å tilby eller marknadsføre pengespel i Norge. Gjennom Folkeandelen blir norske lag og foreiningar invitert til å hente inntekter frå selskapets nettspel. Våren 2016 oppretta vi tilsyn, og varsla om at det ville bli gjort vedtak med pålegg om stans av den ulovlege marknadsføringa og formidlinga, om den ikkje tok slutt. Det har den ikkje gjort og vi har difor gjort vedtak med pålegg om stans.

Vårt vedtak med pålegg om stans kan du lese her.