Menon Economics gjennomfører ei kartlegging av kva dokumentasjonskrav frivillige organisasjonar står ovanfor når dei søker og rapporterer om tilskot. Undersøkinga er på oppdrag frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

I midten av oktober (veke 42) har frivillige organisasjonar fått tilsendt ei undersøking frå Menon Economics.

Målet er å undersøke korleis frivillige organisasjonar i praksis opplever søknads- og rapporteringskrav i tilskotsordningar, og om det er behov for å forenkle desse prosessane for organisasjonane.

– Det overordna målet er å identifisere forenklingstiltak for frivillige organisasjonar, slik at dei kan bruke meir tid på aktivitet og mindre tid på administrasjon, seier Marianne Alværen Torset.

Pressebilde av seinorrådgiver i avdeling for frivillighetstøtte, Marianne Alværen Torset
Marianne Alværen Torset er seniorrådgivar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Foto: Dagrun Reiakvam.

Undersøkinga er sendt til organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret. Alle svar og data blir behandla anonymt av Menon Economics, og i tråd med GDPR og personvernlovgivinga.

– Vi håpar at flest mogleg svarar, seier Torset