Atle Hamar

Unibet tapte søksmålet mot staten i Oslo tingrett

Spelselskapet Trannel, som står bak spelsidene Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo, tapte søksmålet mot staten i Oslo tingrett, og må stanse å tilby pengespel i Noreg.

– Dommen bekreftar at Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt vedtak om å stanse det ulovlege speltilbodet var riktig. No forventar vi at Trannel trekker seg ut av den norske marknaden, seier direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar.

Saksøkar, Trannel International Limited er eigd av Kindred Group, som er eit av verdas største pengespelselskap. Trannel er registrert på Malta og sender grensekryssande reklame og tenester i EØS frå Malta, til blant anna norske kundar og potensielle nye norske kundar. Verken Trannel eller morselskapet Kindred Group har norsk løyve til å tilby pengespel.

Lotteritilsynet gjorde vedtak 5. april 2019 med pålegg om stans av ulovleg pengespeltilbod i Noreg frå spelsidene Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo. Lotteritilsynet meinte tilbodet var brot på pengespellova § 2 og lotterilova § 6.

Trannel klaga til Kultur- og likestillingsdepartementet for påståtte brot på pengespellova, og til Lotterinemnda for påståtte brot på lotterilova. Begge klageinstansane kom til same resultat som Lotteritilsynet, og Trannel gjekk då til sak mot staten for å få prøvd gyldigheita av vedtaket.

Spelselskapet har i det vesentlege argumentert med at vedtaka frå departementet og Lotterinemnda er ugyldige og ikkje kan lovleg handhevast ovanfor Trannel, fordi det er i strid med EØS-avtalen artikkel 36 om tenestefriheten, jfr. EØS-loven § 2.

Staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet har for det meste argumentert for at denne saka er ein unødvendig omkamp av tidlegare dommar. Seinast Norsk Lotteri-saka frå 2021, som handla om den norske einerettsmodellen er i samsvar med EØS-retten.

Oslo tingrett gir staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet medhald, og har kome til at vedtaka er ein nødvendig følge av lovas etablering av einerettsmodellen:

  • Staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet er frifunne. 
  • Trannel International Limited er dømt til å betale sakas omkostningar til staten ved Kulturdepartementet.

Les heile dommen fra Oslo tingrett 20. juni 2022 her.

Ankefristen er satt til ein månad.