Midlane går til tiltak i heile landet, og alle fylke er representerte blant mottakarane.
Det seier Trygve Hermansen, seniorrådgivar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. I tett samarbeid med innstillingsutvalet har han vore med i prosessen med å prioritere kva tiltak som skal få pengar frå potten på 100 millionar kroner. Ordninga har som mål å skape varig auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet.
– Det er stor variasjon i tiltaka det er søkt om støtte til. Typiske prosjekt er innanfor idrett og friluftsliv. Til dømes dekking av treningsavgifter til grupper med låginntekt, og tilrettelegging av aktivitetar for personar med funksjonsnedsetting.
Fleire får støtte enn i fjor
Ordninga er toårig, og første søknadsrunde var i fjor. Då var søknadssummen på 570 millionar, og det vart betalt ut 100 millionar fordelt på 263 tiltak. I år er søknadssummen på 593 millionar, og 381 tiltak får innvilga støtte.
Sjå oversikt over mottakarar.
Sjå oversikt over søkarar og søknadsbeløp.
– I år er det fleire organisasjonar som får støtte enn i fjor, og såleis er det fleire som får prøvd ut sine mangfald- og inkluderingstiltak, seier Hermansen.
Han fortel vidare at det kom inn mange gode søknader, og at innstillingsutvalet har hatt ein krevjande prioriteringsjobb. Lotteri- og stiftelsestilsynet har mål om utbetaling til organisasjonane i perioden 22.-26. mai.