Feil ved supertrekninga den 19. april 2025 gjorde at det vart trekt 52 feil vinnarar av millionpremiar. Lotteritilsynet ser svært alvorleg på saka og varslar eit gebyr på inntil 25 millionar kroner.

– Tillit til at trekning og trekningsgrunnlag skal vere korrekt er heilt grunnleggande for eit lotteri. Difor er det svært alvorleg når dette ikkje har vore på plass seier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet, Tore Bell.

Tore Bell er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Tore Bell er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Dette er eit varsel, dermed har Norsk Tipping tre veker på å uttale seg før Lotteritilsynet eventuelt fattar vedtak i saka. 

Spelarar vart sletta

Bakgrunnen for feilen var at spelarar som hadde levert spel gjennom andelsbank rundt jul og nyttår vart sletta, og dermed utelatt frå trekninga i påska. Årsaka var ein teknisk feil hos Norsk Tipping.  

Dette råka 16 698 deltakarar og 0,2% av rekkene. Feilen førte til at trekninga ikkje vart gjennomført med korrekt trekningsgrunnlag, noko som førte til at det vart trekt feil vinnarar av 52 millionpremiar.  

Norsk Tipping har i ettertid betalt tilbake innsatsen til dei spelarane som ikkje deltok i trekninga. Men uansett meiner Lotteritilsynet at sjølve trekninga ikkje vart gjennomført korrekt etter pengespellova.  

Garanterte at trekninga ville vere korrekt 

– Dette er grovt aktlaust. Norsk Tipping kontrollerte ikkje at alle rekker var med i trekninga, sjølv om dei då hadde kunnskap om at det hadde vore alvorlege feil i trekningsgrunnlaget over lang tid, seier Bell.  

Lotteriltilsynet vurderte å stogge denne trekninga den 19. april på grunn av mistanke om at det kunne foreligge feil som påverka trekninga. Men Norsk Tipping forsikra om at trekninga ville gå rett føre seg.

– Vi kan stoppe eit lotteri som ikkje blir gjennomført på rett måte. Det vurderte vi i denne saka, men vi fekk gjentatte garantiar om at trekninga ville gå riktig for seg. Det er uakseptabelt at det likevel var feil i trekninga.  

Rapporterte at trekninga var riktig 

Nokre dagar etter trekninga leverte Norsk Tipping ein førebels sikkerheitsrapport om denne trekninga. Norsk Tipping rapporterte då at supertrekninga vart gjennomført med korrekt trekningsgrunnlag og korrekte vinnersjansar.  

Det viste seg altså å vere feil. 

– Det er kritikkverdig at Norsk Tipping kunne slå fast at supertrekninga var korrekt gjennomført på trass av det ikkje vart kontrollert at alle som hadde kjøpt lodd fekk delta i trekninga. Dette er eigna til å svekke tilliten til selskapet,  seier avdelingsdirektør Tore Bell.  

Fleire saker det siste året 

Lotteritilsynet har gitt Norsk Tipping tre gebyr for brot på pengespellova og pengespelforskrifta det siste året.  

  • 2,5 millionar kroner for feilutbetaling av 25 millionar kroner
  • 36 millionar kroner for brot på kravet om at spelarar skal ha moglegheit til å stenge seg ute frå spel
  • 46 millionar kroner for å ha trekt feil vinnarar i den nasjonale tilleggspremien i Eurojackpot og Supertrekning i Lotto over fleire år  

I tillegg har Lotteritilsynet varsla Norsk Tipping om at vi vurderer å gi selskapet eit gebyr på inntil 10 millioner kroner for feilen som oppstod i forbindelse med Eurojackpot-trekninga 27. juni 2025 då det vart informert om premiebeløp som var vesentleg høgre enn dei reelle premiebeløpa. 

 – Alle desse sakene gjer at det er avgjerande at Norsk Tipping skjerpar rutinane, kontrollen og kvaliteten på det dei gjer. Derfor har vi varsla eit større tilsyn i haust der vi ser på Lotto, Eurojackpot og Vikinglotto, seier avdelingsdirektør Tore Bell i Lotteritilsynet.  

Her kan du lese heile varselet.