Regjeringa vil vidareføre dagens modell på pengespelfeltet. Det går fram av stortingsmeldinga: «Alt å vinne – ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk», som blei lagt fram av kulturminister Linda Hofstad Helleland den 17. desember 2016.
Heilskapleg modell
– Meldinga legg opp til ein heilskapleg og robust modell for regulering av pengespel som vil stå seg i møte med den teknologiske utviklinga, seier kulturministeren.
Trygge og ansvarlege former
– Hovudmålet er å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydde i trygge og ansvarlege former for å avgrense uheldig speleåtferd. Regjeringa meiner at dagens modell der statlege aktørar har einerett til å tilby storparten av pengespel er best eigna til å nå måla om eit ansvarleg speltilbod. Med eit godt nasjonalt tilbod via Norsk Tipping og Norsk Rikstoto og fleire nye tiltak for å beskytte dei regulerte aktørane, gjer vi einerettsmodellen meir robust, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.