Idrettsforbundet og Handballforbundet tar initiativ til å informere om regelverket, og ber Lotteritilsynet bistå. – Det er veldig positivt om dette kan bidra til at det blir enklare for idretten å unngå ulovleg marknadsføring retta mot nordmenn, seier direktør Gunn Merete Paulsen.
I januar er det EM i handball, og nokre av kampane skal arrangerast i Noreg. Norges idrettsforbund (NIF) og Norges Handballforbund (NHF) har tatt initiativ til å synleggjere forbodet mot marknadsføring av pengespel overfor det europeiske handballforbundet, for å unngå brot på det norske regelverket.
– Dei har bedt oss hjelpe til med å informere om regelverket. Vi synest dette er eit godt initiativ, og det viser at dei tek regelverket på alvor.
Det er berre Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, samt enkelte av dei store landsdekkande lotteria, som kan tilby regulerte pengespel eller lotteri på nett i Noreg, og som har lov til å marknadsføre dette.
– Forbodet mot marknadsføring av pengespel gjeld reklame retta mot nordmenn, og gjeld i arrangement i Noreg. Det omfattar til dømes logoar på drakter eller i idrettsarenaen.
Lotteritilsynet har sendt NIF og NHF ein uttale dei kan bruke i arbeidet med å informere andre aktørar i idretten.
– Vi oppmodar internasjonale føderasjonar og dei ulike nasjonane som er med i EM om å respektere den norske reguleringa.