Utbetaling frå speleoverskotet til Norsk Tipping blir framskunda til mai. Søknadsfristen er framskunda til april, mot det normale som er 1.september. 

Dette skjer for å oppretthalde aktiviteten hos landsdekkande store samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar innan helse, sosiale tenester, krisehjelp, støttearbeid, natur- og miljøvern og dyrevern, og rednings- og beredskapsoppgåver. Det skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

Kulturdepartementet vil utarbeide ei midlertidig forskrift for å sikre utbetaling til organisasjonane allereie i løpet av mai. Organisasjonar som fekk tilskot frå ordninga i 2019 vil motta utbetalinga i 2020 basert på årsrekneskap frå 2018. Desse organisasjonane treng ikkje søke på ordninga.

Organisasjonar som fyller vilkåra i forskrifta, men som ikkje fekk midlar i 2019, kan søke basert på årsrekneskap frå 2018.

Nærare informasjon om ordninga og søknadsfrist vil bli opplyst på Kulturdepartementet og Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider i løpet av april.