Oslo tingrett har frifunne staten i eit søksmål frå WorldVentures. Lotteritilsynet konkluderte med at selskapet var ein ulovlig pyramide, og WorldVentures kravde at vedtaket vart gjort ugyldig

WorldVentures er eit amerikansk selskap som har hatt aktivitet i Norge sidan 2010. Sal av medlemskap i reiseklubben DreamTrips er ein sentral del av verksemda. I april 2014 vedtok Lotteritilsynet at alt sal av medlemskap, og av produktet DreamTrips, måtte stoppe fordi drifta var i strid med lotterilova § 16 som forbyr ulovlege pyramidar.

WorldVentrues klaga vedtaket inn for Lotterinemnda, men fikk ikkje medhald.

I retten kravde WorldVentures at vedtaket i Lotterinemda vart kjent ugyldig. Selskapet meiner vedtaket var basert på feil rettsanvendelse, feil og ufullstendig faktum i saka og på urett vurdering av tema.

Oslo tingrett konkluderer med at inntektene til WorldVentures i overvegande grad strammar frå verving av deltakarar i omsetningssystemet og ikkje frå forbruk eller sal av varer, tenester eller andre ytingar.

Retten konkluderer difor med at World Ventures verksemd i Norge var eit pyramideliknande omsetningssystem på det tidspunkt Lotteritilsynet gjorde sitt vedtak.

Staten vart difor frifunnen i søksmålet frå WorldVentures. Selskapet vart dømd til å betale statens sakskostnader på vel 327 000 kroner.

Ankefristen i saka er ein månad.

Her kan du lese dommen i sin heilskap.