Forslag om endring i bingoregelverket er sendt på høyring 3. mai 2018.

Forslag

Dei viktigaste forslaga til endring er:

  • Endring i 30-sekundersregelen og forbod mot autoplay i databingo.
  • Opne opp for hovudspel på internett.
  • Endring av maksimumgevinsten og jackpotgevinsten i hovudspelet.
  • Utvide løyveperioden frå eitt til to år.
  • Endring i formålandelen frå Belago.

Les heile høyringsbrevet med oversikt over høyringsinstansar.

Høyringsfrist

Eventuelle innspel til høyringsforslaga skal sendast Lotteritilsynet innan 1. september 2018.