Finansdepartementet har sendt på høyring forslag til unntak frå kvitvaskingslova for dei som tilbyr foreiningsbingo og enkelte særskilte lotteri («§6-lotterier»).

Lotteritilsynet har gitt innspel til forslaget. Vi har vurdert risikoen for kvitvasking og terrorfinansiering i tilknytning til desse spelprodukta som tilstrekkeleg låg til å forsvare eit unntak frå lova.

Forslaget inneber at organisasjonar mv. som tilbyr bingo utan entreprenør (foreiningsbingo) og §6-lotterier, ikkje lenger vil vere underlagt kvitvaskingslova. Det vil gjere det enklare for over 350 lag, foreiningar og organisasjonar med løyve til å tilby §6-lotterier.

Høyringsfrist er satt til 1. oktober.

Les heile saka og få meir informasjon om høyringa på Regjeringen.no.