Lotteritilsynet sitt tilsyn med Lyoness/myWorld pågår framleis. Vi har bedt om meir dokumentasjon i saka og selskapet har fått frist til å legge fram ny informasjon og dokumentasjon innan 6. april 2018.

Vi sendte 11. januar 2018 varsel om vedtak med pålegg om stans av Lyoness si verksemd i Norge. Vi konkluderte i varsel om vedtak at Lyoness si verksemd i Norge er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova § 16 andre ledd.

Sidan den gong har selskapet bytt namn til myWorld. 

Den 8. februar mottok Lotteritilsynet brev frå myWorld (Lyoness) med merknader til vedtaket som er varsla. Vi går no gjennom merknadane og vurderer vidare saksbehandling.  Vi hadde nytt møte med myWorld 14. mars 2018 og det vart lagt fram nye opplysningar i saka. På bakgrunn av desse opplysningane har Lotteritilsynet bedt selskapet legge fram ytterlegare informasjon og dokumentasjon i saka. Fristen er satt til 6. april 2018.