Fristen for å søkje om meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 1. mars. Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått 508 søknader med eit reelt søknadsbeløp på ca. 199 millionar kroner mot ca. 200 millionar kroner i fjor. Gjennomsnittleg søknadssum på kvart anlegg er i år på ca. 392000 kroner mot ca. 489000 kroner i fjor.

Fleire søknader i år

Det er 48 fleire søknader i år. Noko av forklaringa kan være at søknadsfristen i 2016 vart flytta frå 1. mai til 1. mars. Søknadsperioden i søknadsåret 2016 vart då berre 10 månader. Totalkostnadane på anlegga er som i fjor på vel 1,2 milliardar kroner.

I 2017 er det løyvd 176 millionar kroner til meirverdikompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og avkorting vert klart før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.