I dag blir det betalt ut nær 90 millionar i andre pulje til dei som har søkt om støtte frå krisepakken for frivillige organisasjonar.

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement og anna aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med Covid-19.

I andre utbetaling blir det betalt ut 87 685 047 kroner. Det er 848 søknadar for 2917 arrangement som får utbetalt i denne omgang.

Samla er det no betalt ut 118 millionar kroner for over 4000 arrangement i krisepakke 2, og det er lagt opp til puljevis utbetaling.

Last ned liste over kven som har fått utbetalt.

Søknadsfristen er 15. september 2020. Det vart opna for søknadar 16. juli.

Denne krisepakken gjeld fram til 31. august 2020. Regjeringa har foreslått ei løyving på ein milliard kroner til ei ordning som skal gjelde frå 1. september til og med 31. desember 2020.