211 organisasjonar rapporterte ikkje rekneskap og 51 av desse mista samtidig retten til å arrangere store lotteri eller ta del i bingo.

Lotteriregisteret skal til ei kvar tid vere oppdatert. Det vil seie at organisasjonar som ikkje har drift, skal fjernast frå registeret. I år var det 211 frivillige organisasjonar som ikkje leverte rekneskap innan fastsett frist.

Mange blir purra

Dei frivillige organisasjonane som no er sletta frå Lotteriregisteret har ikkje rapportert rekneskap innan fastsett frist, til trass for fleire purringar frå Lotteritilsynet. Årets purrerunde er avslutta, og av totalt ca. 5400 godkjende organisasjonar, mister no 211 lotterigodkjenninga. Av desse 211 var det 51 organisasjonar som hadde løyve til å arrangere store lotteri eller ta del i bingo. Desse løyva er no tilbakekalla.

Karantene i eit halvt år

Organisasjonane får ei karantene på seks månader frå 1. oktober, før dei kan søke på ny om å bli ein lotterigodkjent organisasjon. Bingoløyve med bruk av entreprenør blir i hovudsak tildelt frå 1. januar kvart år. Det vil blant anna seie at dei ikkje kan delta på bingo i 2020, noko som kan utgjere eit vesentleg inntektstap for enkelte frivillige organisasjonar.