Over 800 millionar kroner er fordelt. Sjå kva formål pengane gjekk til.

Summen som skulle fordelast frå overskotet til Norsk Tipping gjennom tippenøkkelen var i 2018 på nær 4,8 milliardar kroner. Av dette gjekk 6,4 prosent til helse- og rehabiliteringsformål. Dei resterande midlane vert fordelt med 64 prosent til idrettsformål, medan 18 prosent går til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

I søknadsåret 2019 var såleis tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar på 804,8 millionar kroner, som er fordelt slik:

  • Norges Røde Kors er tildelt 254,3 millionar
  • Redningsselskapet er tildelt 156,9 millionar
  • Norsk Folkehjelp er tildelt 19,3 millionar

Resterande beløp, på 374,2 millionar, er fordelt slik:

Oversikt over søkjarar og tildelt beløp i 2019.