Reklame for pengespel er farlegast for dei som har eit speleproblem, eller som står i fare for å få det.

Personar som allereie har eit problem med pengespel, eller som er risikosona, både ser og opplever reklame oftare enn befolkninga elles. Reklamen får dei også til å spele meir og det er direktereklame gjennom SMS og e-postar som oppfordrar sterkast til spel.

Det viser ein ny rapport som Rambøll Management Consulting har utarbeidd på oppdrag frå Lotteritilsynet. TV-reklame er det dei aller fleste legger merke til, og rapporten seier at TV er viktig for rekruttering av nye spelarar. Det er der det startar.

Innhaldet i reklamen påverkar ulikt. Marknadsføring av bonusar, gratisspinn, velkomsttilbod og andre finansielle verkemiddel får risikospelarar eller problemspelarar til å spele meir. Desse verkemidla blir brukt av utanlandske pengespelselskap. Dei brukar også ei heil rekke av andre verkemiddel som t.d. innskotsrabatt, gåver og gratisspel, og marknadsfører i stor grad hurtige nettspel med høg risiko for å utvikle speleproblem.

Marknadsføring av jackpotar og høge gevinstar får spelarar både med og utan risiko for problemspel til å spele meir. Desse verkemidla blir stort sett brukt av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og gjeld talspel som Lotto, Vikinglotto og V75 med låg risiko for å utvikle speleproblem.

Rapporten viser også at befolkninga generelt mislikar reklame for pengespel. 76 prosent av dei spurte seier dei er svært negative eller ganske negative til slik marknadsføring.

Rapporten er eit tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Dette er første gong at det er gjort ei systematisk gransking av marknadsføring av pengespel i Norge. Også på europeisk nivå er rapporten nybrottsarbeid.

Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel. Dette vil vi bruke i det vidare arbeidet med å sikre eit mest mogleg trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge. Vår oppgåve er å jobbe langsiktig, systematisk og målretta med å forebygge speleproblem i den norske befolkninga. Det seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.

For fleire kommentarar eller spørsmål, kontakt Lars Petter Degnepoll, tlf.nr. 959 94 609, e-post: lpd@lotteritilsynet.no 

Heile rapporten les du her: Markedsføringes effekt på spilling av pengespill og pengespillproblemer.